Kunstnerintervju #27 – Magnus Myrtveit

Magnus Myrtveit deltar i Østlandsutstillingen (III) 2019 på Harpefoss hotell med arbeidet Italian Customs, en gouache på lerret. Myrtveit jobber lagvis med maleriet påfører maling, skrubber og tar vekk deler av maleriet, påførar nye lag, nullstiller det, til maleriet blir konstruert opp gjennom en serie reduksjoner.

Statement:
Det finnast noko sisyfeansk i maleriet – i at eit maleri eksisterar ein plass mellom impermanens, og ein slags permanent uferdigheit. Maleria mine omhandlar tid og kontemplering over temporalitet, immaterialitet og materialitet – men også ein “sampling” av visse element i frå røynda i form av ikon, logografiske element, mytologiske element, ubevisste meandreringar, i og daglegdagse hendingar.
Eg arbeidar primitivt i eit forsøk og let verket definere og skape seg sjølv på sitt eige grunnlag. I arbeidet brukar eg enkle materialar som furu, tusjar, gouache, og heimelaga pigment av til dømes gjenbrukt printer-blekk. Eg arbeidar lagvis, skrubbar og tek vekk delar av maleriet, påførar nye lag, nullstillar det, til maleriet vert konstruert opp gjennom ei serie reduksjonar.
Eg byggar blindrammar og strekk lerret for maleria mine sjølv, og ser på denne delen av prosessen som like givande som påføyringa av maling – eg meinar det ligg ein slags meditativ, ærleg enkelheit i arbeid for arbeidets skyld.
Eg høyrar ofte på dronemusikk medan eg malar som eit verktøy for å tømme sinnet og kome fram til ein intuitiv bruk av farge og komposisjon i ein “flow state” der eg idèelt sett lèt maleriet skape seg sjølv.

1) Hvordan oppdaget du at du ville bli kunstner?
Gjennom ei serie fjellturar einslege fjellturar i Sunnmørsalpane for 6-7 år sidan. Eg har vakst opp ein liten plass der det ikkje fantast noko kulturprogram når eg var ung anna enn fotball og fjellturar, så eg og venane mine utvikla tidlig ei veldig lyst til å skape. Om eg ikkje skapar noko vert eg mutt og stille, eg har det frå far min. Eg fant etter mykje studering ut at eg eigentleg ikkje likte korleis utdanning  fungerar, så kunst verka som eit naturleg felt å få utforska fleire idéar og måtar å tenke og skape på. Eg er veldig opptatt av å lære nye ting og eg har eit kanskje noko uortodokst syn på verda, så den retninga fungerar bra for meg.

2) Hvor henter du inspirasjon fra i dag?
Eg finn inspirasjon i det meste, men inspirasjonen vert ikkje nødvendigvis henta. Eg høyrte ein smart fyr ein gong seie at han såg på det å male som ein måte å kontekstualisere verda og dens slags konstante overladning av informasjon på, og eg trur noko av det er sant, kanskje spesielt no når alle snakkar om techno-fatigue og antropocen og alt det der.

3) Har du deltatt på Østlandsutstillingen tidligere og hva betyr det for deg å stille ut på jubileumsutstillingen i år?
Dette er fyrste gongen. Det betyr ganske mykje for meg, eg er takknemleg og glad for å vere med. Eg er i skrivande stund nyeksaminert frå Kunstakademiet i Oslo, så det kjennast ut som ei anerkjenning.

4) Kan du fortelle litt om arbeidet du stiller ut?
Eg stillar ut eit maleri eg laga av kanskje verdas billegaste gouache der eg nyttar gouachen som olje i ein impasto-stil, noko som malarteknisk sikkert ikkje er ein god idé, men eg testa det ut likevel. Eg har spent det opp med harelim. Blindramma og ramma laga eg på grovverkstaden på KHIO av noko treverk designstudentane la igjen (eg laga rundt 30 ramme av det treverket), og ramma er furu farga med ei blanding av terpentin og english red oljemaling. Det er eit ganske spesielt maleri innan min praksis, eg trur ikkje eg nokon gong kjem til å male noko lignande igjen.

5) Hva er ditt neste store kunstneriske prosjekt?
Eg har ein del prosjekt i ei serie notatbøker – mellom anna ein reproduksjon av løvene utanfor Venezia-arsenalet og eit lydprosjekt der eg sendar harmoniar og overtonar over Hjørundfjorden og tilbake att gjennom kompisen min sine Sovtek- og Marshall-forsterkarar, og eit forsøk på å komme meg gjennom heile Charles Bargue-kurset for å vri måleria i meir figurativ retning, å 3d-scanne alle maleria mine som ein form for alternativ dokumentasjon for framtida, men først og fremst vert det framover å komme meg til Melbourne og flytte inn med dama, avstresse litt etter masteren, male, og kanskje jobbe litt som teknikar på eit av nasjonalgalleria der. Eg planlegg også å utvikle ein slags nettbasert galleriplatform når eg er der, men ting tek tid.

6) Hvordan ser du for deg at Østlandsutstillingen kan/bør utvikle seg de neste 40 årene?
Eg er eigentleg ganske nøgd med slik det er no – eit godt spenn av uttrykk og eit spanande forum for disseminering av informasjon, men eit generelt punkt som kanskje burde takast opp nasjonalt og internasjonalt er ein underrepresentasjon av minoritetar mennesker innan kunstlivet – det å kunne skape kunst og få stille det ut er ei priviligert stilling å vere i. Eg har no studert kunst i fem år og har sett hovudsakeleg kvite mennesker frå øvre middelklasse. Eg trur noko av problemet er at dei underrepresenterte ikkje satsar på kunst fordi det er ein prekær situasjon å sette seg i medan dei allereide har nok å streve med. Deira utgangspunkt for å lykkast er mindre, og dei opplev ofte eit press for å kommodifisere deira identitet i staden for deira kreativitet. Det finnast mange kvite folk som gjer identiske ting over og over igjen i norsk kunst – og har gjort det i mange år, så eg følar at det ligg ein slags inflasjon der som ingen vil snakke om og som ikkje er sunt for skandinavisk kunst eller verda generelt.
Eg veit ikkje spesifikt korleis, og det er ikkje nødvendigvis ein kritikk, men det kan være noko å tenke over for norske institusjonar og platformar generelt.

Del på Facebook!